Eg trur nok ho kunne ha fått enda nokre poeng meir om ho ikkje hadde funne ut at ho MÅTTE sleppe ein bæsj 1m før ho skulle ta ein stopp...og så fin dame som Bjutse er så KAN ho jo ikkje bæsje og gå på samme tid...neida, må stoppe heeeilt opp.. Og så var ho litt ivrig på forspenninga, så ho måtte ta to runder før ho stod riktig i skjekene. Utanom desse småtingene, var køyringa tilnærma perfekt...syns no iallefall eg og Kjellfrid. ;-D
I dag er Bjutse ein herleg kosehest, spennandes ridehest, super køyrehest, fin longeringshest for ungar og flott leie-på-tur-hest på ulike arrangement som vi stiller opp på.
Ho er også min mest bereiste hest. Ho har vore med meg omtrent overalt kor eg har reist. Ho har vore med meg på Mo Jordbruksskule då eg gjekk der. Ho har vore med til Stokmarknes då eg gjekk på Folkehøgskule der, vore med til Sandnessjøen då eg jobba som ridelærar-vikar der. Heim til Vestlandet igjen ein tur, før vi sammen flytta til Sortland nokre år og så ny retur til vestlandet før vi til slutt enda opp her på vestlandet.
Ho er min beste kompis, og følgesvenn.