Start Nyheter Tunlilja Liljas Tanja Guri Andre hestar Bileter Video Til salgs! Link

Guri.
heiter egentleg Tunjenta.


Guri er født i 1984 i Brandsøy, som 2-åring vart ho solgt til ein eldre mann nær Sande. Hausten då Guri var 7,5år kjøpte pappa ho til meg, men hesten står fortsatt i pappa sitt namn...han vil gjerne ha eit ord med i laget han også...;-D

Guri var altså min aller fyrste hest, eg var på den tida ein 13åring med null hesteerfaring. Hadde kun lest ein haug hestebøker. Eg anbefalar IKKJE andre å gjere som meg...kun rein flaks og ein fantastisk hest berga meg frå skader p.g.a mitt noko dårlege "hestevett".

Guri lærte meg opp etter den "harde" skulen. F.eks lærte eg raskt å passe tærne etter nokre solide skvisa tær-episoder med Guri sine hovar... Å halde handa rett lærte eg etter at Guri tok litt meir enn eplebitane då eg skulle gi ho godbitar. Å ikkje ri utan skikkeleg hjelm eller tøylar lærte eg etter ein skikkeleg smell på frosen mark. Det er IKKJE den beste måten å lære på, men særdeles effektiv er den iallefall...

Guri er pr. i dag ( 6.oktober 2008) blitt 24år. Ho holder på å komme seg etter eit forfangenhetsanfall, og er forsåvidt pensjonert. Ho står fortsatt heime på gården til foreldrene mine på vestlandet, medan eg og Bjutse har flytta austover.